Velkomen!

Bygland Bryggeri vart etablert i 2017 og er ei lita verksemd i Bygland kommune, Setesdal. Opphavleg kjem namnet Bygland av bygg-land (øl vert laga av bl.a. byggmalt). Vi bryggjer norsk øl med ingrediensar som einerkvistar og gardsgjær (kveik).

Her får du kjøpt produkt frå Bygland Bryggeri

Ynskjer du å selje øl frå Bygland Bryggeri? Ta kontakt: mail@bygland.beer

Våre øl

jolebassen – joleøl (boks)

«Jolebassen» er setesdalsk for jolebukk. I Noreg har jolebukk- tradisjonane vore mange og ulike. I rektig gamle dagar var jolebukk beint fram ein geitebukk som vart slakta til jol, i håp om eit godt nytt år. Sidan vart ordet bruka om ein person som i jola traska gardimellom med bukkemaske og lòden fell, plent ukjenneleg. Noko av poenget var å gisse kven «jolebassane» var. Dei store fekk øl eller ein dram der dei kom innom.

Bygland Bryggeri Jolebassen er eit mørkt og fløyelsmjukt øl. Det har smak av kaffi og karamell, fylgt av toffee som vert runda av med kakao. Nyt gjerne ølet for seg sjølv i eit passande glas, eller til joledesserten. God Jol!

Alkoholinnhald: 4,7%
Boksstorleik: 0,33 L


Gamlegofa – vinterøl (boks og fat)

«Gamlegofa» er setesdalsk for oldefar. Øl vart i gamle dager nytta i både sorg og glede. Det var ei Guds gåve, difor signa dei ølskålene. Kornet bløytte dei i bekken to-tre dagar. Så spreidde dei det på badstovepaden. Fyrst det hadde rynt, laut det turkast med ved som ga ølet ein kompleks røyksmak. For å attskape dette har me nytta noko ekte Stjørdalsmalt og eik –  som gir ein unik urnorsk smak. Som alltid er ølet meska med einerlåg og gjæra med Sigmunds kveik.

«Gamlegofa» er laga for å passa til fiskespa, pinnekjøt og annan høveleg spekemat – eller jolekos framom peisen. Server på 8-10 grader.

Alkoholinnhald: 6,5%
Boksstorleik: 0,33 L


Sveikadden boks

Sveikadden – Norsk Gardsøl (boks)

Når sveikadden var ferdig med slåtten, strauk han til fjells og fylte sekken med einerkvistar. Difor har ølet som allstøtt ein smak av Setesdalshei. Malten turka han i tunet. Han har også nytta havre og rug. Til gjæring som vanleg kveiken til Sigmund på Voss som gjev ein smak av appelsinskall og krydder.
Ølet er perfekt attåt norsk tradisjonsmat – eller som munngodt for deg sjølv

Alkoholinnhald: 4,7%
Boksstorleik: 0,33 L


Møykjeddingi – kneipa (Fat)

Sveikadden har trudd at han var åleine om å levere øl i Setesdal. Men no er Møykjeddingi (einsleg, ugift kvinne over 30 år) på banen. Han skjønar at han kan få konkurranse frå denne frimodige kvinna. For det seiest at ho har bryggja eit øl basert på råøl og NEIPA – med Terje Raftevold-kveik frå Hornindal!  Ho kallar det KNEIPA.

Alkoholinnhald: 6,3%
Key Keg 30 L


Sveikadden – sterkt gardsøl (Fat)

Endelig sterk-versjonen av Sveikadden. Norsk tradisjonsøl med preg av einer, maltsødme, kveite (hvete) og rug. Hint av appelsin, urter og karamell. Gjæra med Sigmund Gjernes-kveiken.

Alkoholinnhald: 7,0%
Key Keg 30 L


Sveikadden flaske med einer

Sveikadden (Flaske på GULATING)

«Sveikadden» på flaske har vore i sal i hjå Gulating sidan februar 2018 og er nok den som smakar mest gard…

Me bruka einerkvistar frå Bygland – som gjev ølet ein smak av Setesdalshei. Vossakveiken lagar ein fruktig og krydra appelsinsmak.
I gamle dagar turka ein ofte malten i badstova. Difor har denne Sveikadden røykmalt.

Alkoholinnhald: 4,7%
Flaskestorleik: 0,33 L


Bygland Bryggeri i media

Fædrelandsvennen:
Ungkarsøl fra Bygland/ / PDF

Agderposten:
Nyoppstartet bryggeri: Satser på tradisjonsøl med røtter i SetesdalPDF

Setesdølen:
Har starta opp eige ølbryggeri

Kontakt

mail@bygland.beer

Du kan fylgje oss på fjasboka og Instagram:
facebook.com/byglandbryggeri
instagram.com/byglandbryggeri