Bygland Bryggeri er stolte over å ha vore representerte med Sveikadden og Gamlegofa på Grüne Woche-messa i Berlin. Grüne Woche er ei av dei største forbrukarmessene i verda, for landbruk, mat og reiseliv. Landbruks- og matdepartementet stend bak den norske deltakinga saman med Innovasjon Norge og Norges ambassade i Berlin. Messa i 2018 hadde 400.000 besøk, 1650 utstillarar frå 66 land, landbruksministrar frå alle verdens kontinent og eit rekordstort antal utanlandske delegasjonar.
«Sveikadden» vist i New York Times!
Me må innrømme at me er noko stolte i dag. New York Times har kåra dei beste stadene å besøkje i 2019, og nr 35 på lista er Vestlandet, kor dei særskild anbefaler norsk øl laga med kveik-gjær. Då gjer det jo ingenting at det er sjølvaste Sveikadden Sterk frå Setesdal som vart tappa på biletet!