Våre øl

Møykjeddingi flaske

Møykjeddingi – NEIPA med kveik

«Møykjeddingi» (setesdalsk for peppermø) er eit hybrid-øl mellom New England IPA og norsk råøl.

I råøl vart vørteret ikkje kokt, berre pasteurisert. Dette gjev ein fyldig kropp og uklår utsjånad på ølet. Og som eit av dei første bryggeri i Noreg tek me i bruk Framgarden- kveiken frå Stordal. Den er kjend for å gje aroma og smak av tropisk frukt. Når me då tørrhumlar med tre aromatiske humletyper, har me det me har valt å kalle KNEIPA (Kveika NEIPA). Ølet serverast på 6-8°C.

Alkoholinnhald: 6,5%
Flaskestorleik: 0,33 L / Boksstorleik: 0,44 L / Key Keg 20 og 30 L



Sveikadden Sterk – Norsk gardsøl med einer og kveik

I Setesdal er «sveikadd» eit gamalt ord for peppersvenn. Øl var i gamle dagar ei Guds gåve. Di sterkare ølet var, di sterkare var du i trua. Om ølet var for svakt, var det skammeleg for bonden. Ølet vart faktisk prøvesmaka av ein inspektør. Noko til arbeid — reise frå gard til gard for å sjå om du vart drukkjen nok! !

Sveikadden Sterk er eit tradisjonelt gardsøl bryggja med norsk korn, einer og kveik. Ølet ber preg av malt, fruktige aromaer frå kveiken, med hint av skog og sitrus. Ølet er perfekt attåt norsk tradisjonsmat — eller som munngodt for deg sjølv.
Ølet serverast på 6-8°C.

Alkoholinnhald: 8,0%
Boksstorleik: 0,33 L / Key Keg 20 og 30 L


Lusekupta – Brown ale med Espe-kveik

«Lusekupta» er ein koparbrun brown ale med aroma av skog og jord, med hint av modne rosiner. Smaken har tonar av mild kjeks og karamell, avrunda av plomme frå Espe-kveiken. Servér på 7–9 grader.

Lusekofta, eller Setesdalsgenseren, har gått frå å vere ein draktdel i den spesielle mannsbunaden i Setesdal, til å verte eit av dei mest strikka og varierte mønster i verda. Klarar du å sjå kva for øl-ingrediens me har lurt inn i mønsteret?

Alkoholinnhald: 6,0%
Boksstorleik: 0,33 L / Key Keg 20 og 30 L


For the Love of Kveik:
Framgarden

An essential ingredient in brewing is the yeast – and for centuries, Norwegian farmers have been passing down the kveik-yeast that ferment unique, characterful ales between family and neighbors. Brewers would dip wooden rings containing kveik-yeast into the wort and store them in the rafters between batches.

It is with great excitement we premiered our “For the Love of Kveik” series with Framgarden, a kveik from Stordal in Sunnmøre. In this raw ale we use juniper infused water, as is the tradition. And with only a limited amount of aroma hops boiled separately (called “humlebeit”), the wort is fermented at 30°C. The result allows the kveik esters shine through on the nose, with fresh pine pineapple and citrus fruits to taste – rounded out by a smooth and inviting mouthfeel

Alc. vol.: 9%
IBU: 5
Formats: 0.44 L / Key Keg 20 L


For the Love of Kveik:
Espe

The Espe-kveik from Arve in Hornindal has been one of our favorites since we first visited Norsk Kornølfestival. Fermented at 32 degrees, the Espe-kveik produces amazing esters of plum and cognac. A strong raw ale, but with a bit more juniper infusion than our first ale in this series (Framgarden).
Coming in October.

Alc. vol.: 9%
IBU: 6
Formats: 0.44 L / Key Keg 20 L



Sveikadden – Norsk gardsøl med einer og kveik

«Sveikadden», setesdalsk for peppersvenn, er eit ljost, overgjæra norsk gardsøl. Me nyttar norsk handverksmalt frå Furnes. Kornet er dyrka på garden og golvmalta. Det gjev ein aromatisk og smakfull malt. Som vanleg kjenner ein den friske smaken av einerkvistar frå Bygland. Den vidgjetne kveiken frå Sigmund på Voss gjev preg av sitrus og krydder.

Ølet serverast på 6-8°C til norsk tradisjonsmat, eller som munngodt åleine.

Alkoholinnhald: 4,7%
Boksstorleik: 0,33 L / Key Keg 20 og 30 L



Ølgnassen – Handverkspils med einer

Ølgnassen er handverkspils bryggja på einerlåg og norsk malt. Kornet er dyrka på Stor-Gålås gard og golvmalta, noko som gjev ein aromatisk og smakfull malt. Spesialutvald humle sørgjer for å balansere einerlågen. Resultatet er eit lettdrikkeleg og friskt øl med mild bitterheit og hint av skog. Ølet serverast på 4-6°C

«Ølgnass» er eit gamalt ord frå Setesdal. Det betyr ein som er glad i øl. I Bygland Bryggeri vil me halde fram med å bruke gamle ord som mest har gått i gløymeboka.

Alkoholinnhald: 4,7%
Boksstorleik: 0,33 L / Key Keg 20 og 30 L


Ølgnassen 5.2 – Fyldeg handverkspils

Ølgnassen 5.2 er den noko sterkare varianten av vår ufiltrerte handverkspils. Med inspirasjon frå norsk gardsbrygging nyttar me einer og handverksmalt. Kornet er dyrka og golvmalta på same garden, nesten utan maskinar. Dette gjer ølet aromatisk og smakfullt. Spesialutvald humle syter for å balansere einerlågen. Resultatet er eit lettdrikkeleg og friskt øl — avrunda med mild og fruktig bitterheit.

Alkoholinnhald: 5,2%
Boksstorleik: 0,44 L / Key Keg 20 og 30 L


Gofa – Røykstaut

«Gofa» er setesdalsk for bestefar. Joleølet skulle i gamle dagar vere både godt og i rikelege mengder. Det var sedvane at kvar gard bryggja ei tunne øl – ei halv vart ikkje rekna for noko. Kornet bløytte dei i bekken i to-tre dagar. Så spreidde dei det på badstovepaden. Når det hadde rynt, laut det turkast med ved som gav ølet ein behageleg røyksmak.

«Gofa» er eit mørkt øl for lange vinterkveldar framom peisen. Prøv det til jolemat slik som fiskespa, pinnekjøt og annan høveleg spekemat. Servér på 8-10 grader.

Alkoholinnhald: 6,5%
Boksstorleik: 0,33 L / Key Keg 20 og 30 L



Jolebassen – Jolestaut

«Jolebassen» er setesdalsk for jolebukk. I Noreg har jolebukk- tradisjonane vore mange og ulike. I rektig gamle dagar var jolebukk beint fram ein geitebukk som vart slakta til jol, i håp om eit godt nytt år. Sidan vart ordet bruka om ein person som i jola traska gardimellom med bukkemaske og lòden fell, plent ukjenneleg. Noko av poenget var å gisse kven «jolebassane» var. Dei store fekk øl eller ein dram der dei kom innom.

Bygland Bryggeri Jolebassen er eit mørkt og fløyelsmjukt øl. Det har smak av kaffi og karamell, fylgt av toffee som vert runda av med kakao. Nyt gjerne ølet for seg sjølv i eit passande glas, eller til joledesserten. Server på 8-10 grader.

Alkoholinnhald: 4,7%
Boksstorleik: 0,33 L / Key Keg 20 og 30 L

Én kommentar til “Våre øl”

Det er stengt for kommentarer.