Augnestyngjen IPA

Det kan vere ei utfordring å få fylde i ølet når alkoholstyrken ikkje er høg. Men det handlar om gode råvarer, og utnytte dei best mogleg. Difor har me brukt ein malttype som heiter Golden Promise, kjend for å gi balanserte øl med god munnkjensle. Så har me spedd på med flaka havre og kveite.

Augnestyngjen, som er setesdalsk for augnestikkaren, er deretter tørrhumla med rikelege dosar Eldorado, Citra og Simcoe. Dette gjev ein aroma av fruktig godteri, og smak av sitrus og tropiske frukter. Lida-kveiken frå Hornindal kompletterer dette med eigne esterar av steinfrukt og funky notar.

Stil:
Kveika IPA

Ingrediensar:
Vatn, bygg- og kveitemalt, havre, humle og Lida-kveiken frå Hornindal

I sal hjå:
Lokalbrygg.no, Gulating-utsal og utvalde Meny, Spar og Joker-butikkar i Sør-Noreg.

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
4,7%50 IBU6-8 °CGyllengul
Produktnavn: Augnestyngjen IPA
Format: 0,44L boks
GTIN: 7090051040011
ERP: 5728522
Guleng: BYGLA1008
20L og 30L KeyKeg også tilgjengeleg