Lusekupta

Lusekupta

«Lusekupta» er ein brown ale med aroma av røsta malt, med hint av nøtter og sjokolade. Smaksbiletet har ein fyrig og djup maltkarakter med tonar av kjeks, karamell og tørka frukt – avrunda av den fruktige Opshaug-kveiken. Servér på 10–12 grader til mørke kjøttrettar og til sjokolade.

Lusekofta, eller Setesdalsgenseren, har gått frå å vere ein draktdel i den spesielle mannsbunaden i Setesdal, til å verte eit av dei mest strikka og varierte mønster i verda. Klarar du å sjå kva for ein øl-ingrediens me har lurt inn i mønsteret?

Stil:
Brown Ale

Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, havre, humle og Opshaug-kveiken frå Strandadalen

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
6%25 IBU10-12 °CRødbrun kobber
Format:
0,33L bokser (Vinmonopolet varenr: 1158-4602)
20L KeyKeg