Møykjeddingi

«Møykjeddingi» (som er setesdalsk for peppermø) er eit hybrid-øl mellom norsk tradisjonelt råøl og moderne fruktige IPAer.

I råøl vart ikkje vørteret kokt. Dette gjev ein fyldig kropp og tåkete utsjånad som passar denne ølstilen som hand i hanske. Ølet er tørrhumla med høvelege mengder Ekuanot, Citra og Mosaic. Til gjæring har me bruka ei blanding av ulike kveik-stammar som kompletterer humlesortane med eigen aroma og smak av tropisk frukt. Ølet serverast på 6-8°C. Prøv gjerne til rettar av kjukling, svin eller berre ost.

Stil:
Raw India Pale Ale

Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, havre, humle og kveik (gjær)

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
6,5%20 IBU6-8 °CGyllengul
Format:
0,44L bokser (Vinmonopolet varenr: 1150-7702)
20L/30L KeyKeg