Om oss

!– wp:paragraph –> Bygland Bryggeri er ei lita verksemd med base i Bygland kommune, Setesdal. Me er ein av få ølprodusentar i verda som spesialiserer seg på det norske tradisjonsølet og norske ingrediensar som einer og kveik (norsk gardsgjær). For å symbolisere dette, er logoen til Bygland Bryggeri er ein tradisjonell ølbolle. Ikke minst, har alle ølsortane namn på setesdalsmål og utstyrt med historier som forklarer både namnet og ølet. Me distribuerer ølet sjølv i Agder, Rogaland og Oslo-området, og samarbeidar med Gulating og Tine om distribusjon til resten av landet. Bygland er på Tilleggutvalget hjå Vinmonopolet. Produkter i tilleggsutvalet er ikkje listeført i nettbutikken, men er lagerført i polutsal via lokale sortiment. Me sender til heile landet, så ta kontakt med ditt lokale polutsal for bestilling.

Bryggjing med einer og kveik

Det seiest at bryggjaren lagar vørteret, og gjæren lagar ølet. Kveik er ei fellesnemning på norsk gardsgjær som er brukt og teke vare på i enkelte bygder (dei fleste på Vestlandet) i mange hundre år. Kvar kveik gjev ein unik smak, og inneheld fleire gjærstammer og bakteriar. Generelt kan ein seie at dei ofte gjev ein fruktig smak, gjærar raskt og på uvanleg høge temperaturar (nokre opptil 40 grader). Me meskar mange av våre øl med einerlåg (einerkvistar lagt i varmt vatn). Einerkvistar har blitt brukt i nordisk ølbryggjing i generasjonar. Einer gjev ein syrleg/krydra smak, og har preserverande og antibakterielle eigenskapar.
Fjelleiner

Bygland Bryggeri i media

Fædrelandsvennen: Tøff konkurranse blant mikrobryggeriene: – Jobber fulltid på fritida med bryggeriet Ungkarsøl fra Bygland/ / PDF Agderposten: Øl fra Bygland havnet i New York Times / PDF Nyoppstartet bryggeri: Satser på tradisjonsøl med røtter i SetesdalPDF New York Times: A bucolic paradise for mountain-climbing beer lovers NRK Radio: Bygland-øl i NY Times Setesdølen: Setesdølen-2019-01-11 «Sveikadden» vist i New York Times! Setesdølen-2018-10-23 – A. O. Vinje og ølbryggingstradisjonar Setesdølen-2018-10-18 – Til Ose med nytappa joleøl Setesdølen-2018-08-02 – Kom til Setesdalfestivalen med «Sveikadden» Setesdølen-2018-07-12 – Lærer bort tradisjonsbrygging Setesdølen-2018-06-26 – Kjem med to nye sterkøl i sommar Setesdølen-2018-06-21 – «Sveikadden» landet rundt Setesdølen-2018-04-19 – Kjem med «Sveikadden» på boks Setesdølen-2018-03-06 – «Sveikadden» blir lansert på Brygga Setesdølen-2017-12-21 – Har starta opp eige ølbryggeri