Rudkallen Joleøl

«Rudkallen» er eit gyllenbrunt joleøl tilsett dadlar og rosiner. Ølet har ein sval aroma av mørkt malt – og smak av karamell, kjeks og turka frukt. I årets utgåve har me også tilsett noko rug, og valt å gjære med Espe-kveiken. Den er kjend for å gi hint av modne plommer og cognac. Rudkallen er spesielt eigna til joledesserten, men også som munngodt framom peisen. Servér på 10-12 grader.

I Setesdal vart fjøsnissen kalla rudkallen. Nissen er ein av dei underjordiske i norsk folketru. Han er veldig gamal, like gamal som garden. Nissen hadde rudd jorda og bygd dei første husa. Han slo seg gjerne ned i stabburet eller i låven, og arbeidde helst om natta. Sjølv om han var liten av vekst, var nissen i stand til å slå i hel ein vaksen mann med eitt slag. Vert han behandla godt, er han ein god hjelpar. Men får han ikkje øl på jolaftan, kunne han verte så sint at han gjekk beint ut i fjøset og vrei hovudet av den beste mjølkekua!

Stil:
Joleøl

Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, humle, dadlar, rosiner og Espe-kveiken frå Hornindal

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
7,5%19 IBU10-12 °CGyllenbrun
Format:
0,44L bokser (Vinmonopolet varenr: 13676702)
20L KeyKeg