Skjoldmøyslaget Dobbel IPA

Skjoldmøyslaget er eit koparbrunt sterkt indiaøl med frisk aroma av humle, urter og sitrus. Maltblandinga av pale og karamellmalt er viktig for å balansera humla. Det gjer at smaken har antydning til karamell og honning, med ein lang, bitter ettersmak. Opshaug-kveiken gjev krydra og fruktige undertoner. Ølet står godt på eigne bein, men passar også bra til lam, okse, feit fisk og moden ost.

Skjoldmøyane heldt til på Vestheiane i Setesdal. Dei var venare og sterkare enn andre kvinner. Ved Reiårsfossen med utsyn mot Austad kyrkje, sat dei tidt og spela på horn (lur). Under ei messe høyrde ålmugen det vene spelet deira. Folk strøymde då ut, og presten fór etter dei. Frå kyrkjegarden lyste han Skjoldmøyane i bann, og dei vart til stein. Det er mange som kan slåtten deira enno; han heiter «Skjoldmøyslaget» – og i 2019 kom spelekulturen i Setesdal inn på UNESCO si verdsarvliste.

Stil:
Dobbel IPA

Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, havre, humle og Opshaug-kveiken frå Stranda

I sal hjå:
Vinmonopolet og utvalde hotell, restaurantar og barar

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
8%75 IBU8-10 °CMiddels dyp gyllenbrun.
Produktnavn: Skjoldmøyslaget Dobbel IPA
Format: 0,44L boks
GTIN: 7090051040158
Varenr på Vinmonopolet: 11965502

20L og 30L KeyKeg også tilgjengeleg