Byglandsfjorden Blonde

Dette ljose og friske ølet er ein hyllest til Byglandsfjorden og dei mange «hemmelege» strandperlene. Like bak skogholta attmed Riksveg 9 ligg svaberg og finkorna sandstrender. Øltypen blonde ale ligg midt mellom pils og pale ale. Til gjæring har me brukt Opshaug-kveiken, som gjev passeleg fruktigheit, samstundes som malt og sitrus frå humle kjem godt fram. Passar godt som tørstesløkkjar, eller til lettare matrettar.
Ølet serverast på 6-8 °C.

Stil:
Lys ale (Blonde)

Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, humle og kveik (gjær)

I sal hjå:
Gulating-utsal og utvalde Meny, Spar og Joker-butikkar i Sør-Noreg.

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
4,7%15 IBU6-8 °CGyllen, lett tåkete
Produktnavn: Byglandsfjorden Blonde
Format: 0,33L boks
GTIN: 7090051040233
ERP: 5793278
GULENG: BYGLA1009

20L og 30L KeyKeg også tilgjengeleg