Gjær er ein svært viktig ingrediens i øl, og i gamle dagar kalla dei ølgjær for KVEIK. Den urnorske kveiken lagar unike og fruktige øl, og har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Kveik-ringen som prydar denne etiketten, dyppa dei i vørteret, og lagra han på ein turr og lun stad til neste bryggjing.
Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. I serien «For the Love of Kveik» handlar det om å ære kveiken og garden han kjem frå. Denne gongen køyrer med på med med Framgarden-kveiken frå Stordal på Sunnmøre. I dette ølet brukar me einerlog, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir ikkje kokt, berre pasteurisert, før me tilfører kveiken på over 30°C. Det gjer at esterane av sitrus og tropisk frukt skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle råøl gjev. Server på 10°C.
Stil:
Tradisjonelt norsk råøl
Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, einer, humle og Framgarden-kveiken frå Stordal
I sal hjå:
Vinmonopolet og utvalde hotell, restaurantar og barar
Alkohol | Bitterheit | Temperatur | Farge |
---|---|---|---|
9% | 5 IBU | 8-10 °C | Gyllen, lett tåkete. |
Format: 0,44L boks
GTIN: 7090051040073
Varenr på Vinmonopolet: 11296502
20L og 30L KeyKeg også tilgjengeleg