
Gofa
«Gofa» er ein mørk staut gjæra med Sigmund Gjernes sin kveik. Aroma av kaffe og røykt bøketre. Smak av kaffe med tonar av kjeks og sjokolade – fulgt av svake røyktonar.
Gofa» er setesdalsk for bestefar. Joleølet skulle i gamle dagar vere både godt og i rikelege mengder. Det var sedvane at kvar gard bryggja ei tunne øl – ei halv vart ikkje rekna for noko. Kornet bløytte dei i bekken i to-tre dagar. Så spreidde dei det på badstovepaden. Når det hadde rynt, laut det turkast med ved som gav ølet ein behageleg røyksmak.
Stil:
Stout med ein aning røyk
Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, havre, humle og Sigmund Gjernes-kveiken frå Voss
Alkohol | Bitterheit | Temperatur | Farge |
---|---|---|---|
6,5% | 75 IBU | 8-10 °C | Middels dyp gyllenbrun. |
0,44L bokser (Vinmonopolet varenr: 1178-9302)
20L KeyKeg