
Jolebassen er eit mørkt øl med smak av kaffi og karamell, fylgt av toffee som vert runda av med sitrus frå kveiken. Ølet serverast på 10-12°C i eit passande glas for seg sjølv, eller til joledesserten. God Jol!
«Jolebass» er setesdalsk for jolebukk. I Noreg har tradisjonane vore mange og ulike. I rektig gamle dagar var jolebukk beint fram ein geitebukk som vart slakta til jol, i håp om eit godt nytt år. Sidan vart ordet bruka om ein person som i jola traska gardimellom med bukkemaske og lòden fell, plent ukjenneleg. Noko av poenget var å gisse kven «jolebassane» var. Dei vaksne fekk øl eller ein dram der dei kom innom.
Stil:
Brown Ale
Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, havre, humle og Sigmund Gjernes-kveiken frå Voss
Alkohol | Bitterheit | Temperatur | Farge |
---|---|---|---|
4,7% | 28 IBU | 10-11 °C | Svart |
0,33L flasker (EPD: 5652102)
20L KeyKeg