Vetrebrauti

Bygland Bryggeri har kveika mange tusen liter vørter til øl sidan starten i 2017. Då me hadde smaka og bryggja oss fram til over 50 batchar, ville me feire med ein øltype me veit at mange set pris på: Ein fruktig og kveika IPA – med galaktisk inspirasjon…

Vetrebrauti, som er setesdalsk for Mjølkevegen, er tilsett generøse dosar av dei ettertrakta humlesortane Galaxy og Nelson Sauvin. Me talar her om smaken av sitrus og tropiske frukter, med hint av pepper og anna krydder. Stranda-kveiken frå Sunnmøre kompletterer så dette med eigne esterar av steinfrukt og funky notar.

Stil:
Kveika NEIPA

Ingrediensar:
Vatn, byggmalt, kveitemalt, humle og Stranda-kveiken frå Sunnmøre

AlkoholBitterheitTemperaturFarge
7,5%25 IBU6-8 °CGyllengul
Format:
0,44L bokser (Vinmonopolet varenr: 1291-4802)
20L/30L KeyKeg